Bjarte D. Klakegg debuterer med en liten tekstsamling med den fine tittelen Heliumhjarte. De utdragene jeg har lest hittil har definitivt gitt mersmak.
Omtalen fra Samlaget:
«Små historier med stort hjarte. Klakegg debuterer med korte historier som spenner frå det realistiske til det fabulerande.
Ein prest svevar over havet, ein bror blir borte, ein brann endrar alt, ein bandopptakar gir evig liv. Vi blir dradd inn i avgjerande episodar i vanlege folks liv. Det handlar om hjarte som bankar, og hjarte som veks og veks.»
Et utdrag fra boka:
Kista ligg ute i gravferdsbilen. Blomar og kransar er lagd ut i ei rekke frå midtgangen, spreier seg utover og oppover trappene, heilt opp til alteret, omsluttar det kvite, stoffkledde podiet som kista skal stå på. Bortsett fra oss er kyrkja tom. Vi har stått i våpenhuset og sett alle andre stader enn på kvarandre, så går vi ut kyrkjedøra, ned steintrappa, ned den smale grusstien og bort til gravferdsbilen. Ei tralle, som liknar tralla bestefar hadde på garden til å køyre høy og mjølkespann i, står framfor den oppslåtte bakdøra på bilen. To gravferdskonsulentar står der i svart dressFor dei er dette en helt vanlig dag. De kjente ikke bestefar, dei kjenner ikkje oss. Dei er dødens flyvertar, som med hvite hanskar ønskjer oss velkomne til denne korte reisa inn i døden.
Legg igjen en kommentar