Julekalender: Luke 13

En stor begivenhet i bloggland var da Kristine Tofte, kjent som bloggeren Avil, endelig debuterte med første bind av Song for Eirabu. Vi var mange som hadde fulgt skriveprosessen på bloggen hennes, og det var en gledelig dag da venner og medbloggere kunne samles for å feire at utgivelsen var et faktum. Song for Eirabu er et imponerende stykke arbeid og det er særlig gledelig å lese god fantasy på norsk, endatil på nynorsk. Nå venter vi spent på fortsettelsen i bind 2.

Omtalen fra forlaget:

«For at den gamle spådomen om verdas ende skal bli røyndom, har tre søstre blitt avla fram av den eldste volva og den eldste av gudane, utstyrte med vilje og krefter dei sjølv er uvitande om. Rundt dei sørgjar ulike maktar og skapnader for at dei skal bli skikka til å gå lagnaden i møte.

Dronning mot offerprestinne
Då dei to eldste jentene, Ragna og Berghitte, blir 14 og 15 år, er tida inne for at dei skal innvies i oppgåvene dei er esla til. Ragna vert opplært som offerprestinne i eit kongedøme, mens Berghitte blir dronning i eit anna. Det går mot krig mellom dei to kongedøma, og soleis òg mellom dei to søstrene. Kaoskreftar er i sving, og dette blir ei forteljing om spennet mellom gamle spådomar og eigen vilje, age for gudane og hug og lengt etter makt.

Eigne val mot gamle spådomar
Psykologen og debutanten Kristine Tofte (f. 1970) har med Song for Eirabu skapt eit fiktivt univers med utspring i norrøne mytar, fylt med kvinnelege hovudpersonar, offerprestinner, gudar og andre mytiske skapnader. Menneska si vilje og eigne val blir sett opp mot gamle spådomar og gudane sine krefter. Med psykologisk innsikt og eit sikkert og litterært språk gjer Tofte kampen mot verdas undergang levande og gripande for lesaren.»

Utdrag fra boka:

«Før denne verda me lever i blei til, var det berre ild og kulde og elles ingenting. Slik var det i ei æve, for ilden og kulda haldt seg frå kvarandre. Du forstår, denne verda er ikkje den første og nok heller ikkje den siste. Ild og kulde har mange gonger blanda seg og slik skapt verdener med gras og stein og levande folk og dyr. Kvar gong ei verd blir fødd er den vakker, og blømer i orden og mangfald. Og kvar einaste verd har si tid for venleik, si middelhøgd med venleik og fred, der all verdas folk har sin stad, og all verdas dyr har sin plass. Men til sist blir kvar verd ein stygg og grusom stad, der all orden går i oppløysing, kongar drep kongar og gudar drep gudar, og til sist går verda til grunne. Alle desse verdenane er born av ilden og kulda, og derfor ber ilden og kulda ein stor sorg i seg.»
Ragna smuldra grasstrå og rulla små, grøne pølser mellom fingrane.

Så bøyde ho seg ned og plukka opp ein maur som kraup over dei nakne tærne.
Okar sat stilt og såg henne smuldre mauren langsamt mellom fingrane før ho fortsatte å fortelje.

«Derfor nølte ilden og mørket blande seg, og dei trakk seg frå kvarandre. Men når det ikkje fins anna enn ild eller mørke, er det vanskeleg å ikkje røre ved kvarandre. Ilden samla seg tettare og tettare saman midt i mørket, til den berre var ei kule i mørket. Midt i ildkula sat Svid, ilden sin eigen herre, og dei ni ildryttarane i flammehirden hans reid rundt og rundt langs randen mellom lys og mørke. Nehl, den kvite og blå mor av kulde og mørke, omslutta dei på alle kantar, og mens ildkula blei mindre og mindre, gløda den stadig sterkare.

Til slutt var all ild og rørsle i denne og alle verdener samla i eit einaste punkt midt i Nehls sitt mørke skjød. I ei æve og ein augneblink var alt stilt. Berre den evige Svanen sirkla der ute i mørkret, utan lyd.

Så skreik Svid, han kunne ikkje halde det ut! Dei ni ildryttarane førte i det same ein veldig hird av gnister i ein flaum ut i mørket, til alle kantar. All Svids ild blei slynga ut i mørket til alle kantar, med veldig kraft.»

Ragna sette seg tett inntil Okar.

«Slik blei Horndragen fødd. Ilden og mørkret såg dragen løfte hovudet med hjortehorna og den brøla, ny og naken i verda, fødd av Svid og Nehl som såg med sorg på eit nytt liv mellom dei.»

«Dei var ikkje glade for dragen deira.» sa Ragna mest utan lyd. Ho såg for seg den veldige dragen, nyfødd og naken, og det einaste som møtte den var sorg. Det var ikkje til å halde ut.

«Dei er for gamle til å glede seg over det nye som likevel skal døy.»

«Var den vakker?»

«Den var så vakker at me ikkje kan fatte det.»

«Var den grusom?»

«Den var heilt aleine og den var uendeleg vakker» svarte Okar.

Ragna trakk pusten støtvis og djupt som om ho hadde gløymt det ei tid.

Her er omtalen jeg skrev etter å ha lest boka.

Advertisements

About Rullerusk

Rullerusk er bibliotekar, litteraturviter, tegneserienerd og skravlebøtte. Vis alle innlegg av Rullerusk

2 responses to “Julekalender: Luke 13

  • Avil

    Tusen takk!
    Og tenk så stor og fin gåve, til same pris som ei tynn, lita bok. Til og med bronseskrift. Veldig julete. Hehe.

  • Rullerusk

    Ja, her snakker vi virkelig om en bok som kan glitre om kapp med juletreet. For ikke å snakke om all den norrøninspirerte mytologien som blir en fin motvekt mot alt dette Jesus-pratet mange driver med i jula ;)

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: