Julekalender: Luke 6

En debutant som har vakt mye begeistring blant mange er Kjersti Rorgemoen. Boka Purkene snudde seg, skal i følge kritikerene være både original og morsom. Desverre ligger den litt langt nede i min bunke av bøker som venter på  å bli lest, men jeg håper å komme til den snart. Her er omtalen fra forlaget side:

«Purkene snudde seg er Magna Bekk sine notat frå livet som Magna Bekk. Notata består av ei rekkje episodar, ankedotar og minne: om å bli fridd til i det offentlege rom, om den villeiande begeistringa for den historiske hesten Kloke Hans, om eit forstemmande forsøk på å gå på dansekurs, om ei kort karriere som sjåfør på bokbussen og om oppvekst og frilansarbeid på svinefarm. Men mest av alt er Purkene snudde seg driven fram av hovudpersonen si særmerkte oppleving og vurdering av verda: skeptisk, analytisk og svært vittig.»

Her er et utdrag fra boka:

Eg hadde vakna så sakte denne morgonen at eg måtte bruke litt tid på å sjå at dagen var verkeleg og ny. Frå soverommet hadde eg sikt mot himmelen, der sola stakk meg rett i synet. Eg vende andletet vekk frå det skarpe ljoset og kneip att augo. Ein neonfigur eg syntest hadde skikkelse som ein gris, hang att på netthinna. Endå ein gong ny morgon, tenkte eg. Morgon som før og morgon på ny. Så evinneleg stendig og samstundes så ubrukt og open. Eg var av ei slekt som alltid hadde elska morgonar. Denne slekta hadde til alle tider kappa om å kome seg opp, vere den fyrste til å fyre i omnen, vere den fyrste til å setje på kaffi. Det var rekna som ein god kvalitet ved eit menneske om ein hadde dette særeigne jaget etter å fosse ut av soverommet, gløyme nattemørkret med dess rare draumar og den hendingslause gårsdagen. Mens familien fossa ut av soveromma og gløymde alt det som nettopp hadde vore, plystra dei litt. Det var som om lungene var store bobler oppblåste av rein glede, og at dette måtte kome ut som korte melodiar, nesten kvitring. Dei elska dagen når han var på sitt nyaste. Det var i alle fall slik eg hugsa at det var, der eg låg i senga med solskinet rett i fjeset. Eg hugsa verken nattemørkret med draumane eller den hendingslause gårsdagen. Eg kjende meg med eitt opprømt og sa Her kan alt skje! triumferande ut i soverommet. Nei, det kan jo ikkje det, tenkte eg like etter og sto opp.

Advertisements

About Rullerusk

Rullerusk er bibliotekar, litteraturviter, tegneserienerd og skravlebøtte. Vis alle innlegg av Rullerusk

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: