Poesi mens vi puster 43

Seinare, seinare

vi er fødde slik

vi har samme blod

men dette kick inside er

ein liten raud ballong

som sprekk i magen og

sprekk opp eit smalt

søkk i huda mi, eit sår

på handbaken

eg må reise herifrå

eg må la deg vere att

 

åh, fjeset ditt

liknar fjeset til ein

bleik, gamal statue

du kjem til å lengte

etter meg med forfina

sinne

du, bror min

 

når himmelen er

kvit på denne måten

er kroppen din utan klede

uklar i kantane

gulaktig

vi nærmar oss sjøen i

otta, vi var varme

i ledda, her

slepper eg av meg morgonkåpa som ei

old time moviestar

og dykkar

 

unna fjeset ditt, unna

lengten din, åh

du liknar

ein bleik, gamal statue

du kjem til vente

på meg i forfina

sinne

 

eg skal gi alt for deg

som ein Løvehjarte-bror

men det må vente til

seinare, seinare

bøkene er pakka

i kasser no og du veit

eg må

 

-Anna Kleiva, fritt etter Kate Bush.

Fra Flammesingel #34 Mine stormfulle, stormfulle, stormfulle år (2009)

Advertisements

About Rullerusk

Rullerusk er bibliotekar, litteraturviter, tegneserienerd og skravlebøtte. Vis alle innlegg av Rullerusk

2 responses to “Poesi mens vi puster 43

  • Lille søster

    Å, denne er jeg jo nødt til å bestille fra Flamme!

  • Rullerusk

    Ja, gjør det! Kjempefin liten diktsingel dette. Den innebærer dog en viss fare for å få Kate Bush på hjernen. Jeg klarer fx ikke å slutte og høre på «Wuthering heights»…

    «Too long I roamed in the night. I’m coming back to his side, to put it right. I’m coming home to wuthering, wuthering, Wuthering Heights, Heathcliff, it’s me, your Cathy, I’ve come home and I’m so cold, let me in your window…»

Legg igjen en kommentar

Fyll inn i feltene under, eller klikk på et ikon for å logge inn:

WordPress.com-logo

Du kommenterer med bruk av din WordPress.com konto. Logg ut / Endre )

Twitter picture

Du kommenterer med bruk av din Twitter konto. Logg ut / Endre )

Facebookbilde

Du kommenterer med bruk av din Facebook konto. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer med bruk av din Google+ konto. Logg ut / Endre )

Kobler til %s

%d bloggers like this: