om dagane sitt eg stille
knip att augo
og syg tankane ut or øyra ditt
om kveldane klyppar eg ut
alt som ikkje kvernar kring meg
knytar små nøste av tankerekkjene
og legg dei under puta di
kviskrar: du
treng ikkje gå,
ikkje gå,
du skal ikkje gå
– Janne Marie Fatland
fra samlingen :imitabilis (2008 )
24. februar 2009 at 10:02 pm
åh
24. februar 2009 at 10:17 pm
Jepp. Det er rett og slett «åh».